Pando i NRK!
- Åshild Aarø

- May 4
- 4 min lesing

Denne artikkelen ble skrevet av Leif Rune Løland og publisert i NRK 29.03.2026. Vi anbefaler å lese originalartikkelen her:
Det har blitt vanskelegare å skaffe investorar til ferske selskap med klimavennlege bedriftsidear. Eit nytt selskap vil hjelpe «grøne gründarar» til kommersiell suksess.
– Det er knallhardt å vere gründer. Vi klarte ikkje å vere like billige som for eksempel kinesiske aktørar.
Det seier Jørgen Erdal – ein av dei som måtte gi opp.
Han starta selskapet Evyon, som fekk ein pangstart for fem år sidan.
Ideen var å lage batterimodular av gjenbrukte elbilbatteri som ikkje lenger var gode nok for bilane. Modulane vart kopla til straumnettet.
– Slik kunne batteri bidra til alt det som trengst for det grøne skiftet, seier han.
Populært selskap gjekk konkurs
På eit halvt år hadde Evyon levert sine første batterisystem i samarbeid med Mercedes-Benz i Tyskland.
Men utover i 2023 blei det grøne argumentet ikkje lenger nok.
– Viljen til å betale ekstra for berekraftige produkt
forsvann. Investorar og kundar knuga meir og meir på pengane.
I desember i fjor blei Evyon historie.
Interessa kjølna
Mange andre har dei siste åra erfart det same.
– Ein grøn idé i seg sjølv er ikkje nok. Det blir stilt meir krav frå investorar i dag enn for fem-seks år sidan, seier administrerande direktør Fredrik Witte i Corvus.
Men dette bergensselskapet kom seg over startkneika i tide og knekte koden for over ti år sidan. I dag dominerer Corvus verdsmarknaden for batteri til små og store elektriske skip. Nyleg fekk selskapet hans 600 millionar kroner i frisk kapital frå sine
investorar.
Men Witte ser den tydelege tendensen at nye, grøne selskapsidear sel dårlegare i investormarknaden. Fram til rundt år 2020 var det ganske lett å få investorar med på grøn næringsutvikling. Men så kjølna interessa.
– Det er blitt endå viktigare i dag å ha ein forretningsplan.
– Det viktigaste er å begynne med å identifisere eit område der kundar har eit problem eller ei moglegheit som marknaden enten veit om allereie eller ikkje veit om. Å finne løysingar til dei moglegheitene og problema, er rådet hans.
– Beinhard oppoverbakke
Mange norske oppstartsselskap har den siste tida gått konkurs.
– Gründerane våre jobbar beinhardt i hard oppoverbakke, seier Åshild Aarø i det nystarta Pando. Selskapet jobbar for «kommersialisering av norske grøne industriløysingar
med store vekstmål».
For at grøne bedrifter skal klare seg, treng ein å bygge opp heilt nye verdikjeder basert på sirkulær økonomi, meiner dei tre i Pando. Aarø nemner som døme forretningsidéen med å bruke betong om igjen.
– Det kan vere nesten heilt umogleg å komme inn på marknaden med eit slikt gjenbruksprosjekt, for det vil bli dyrare uansett.
– Det er viktig å tenke meir på kva marknaden er villig til å betale for. Her må vi omstille oss slik at vi er internasjonalt konkurransedyktige, seier ho.
Medgründer Silje Skjelsvik er einig.
– Det er mange andre land som går mykje raskare fram enn oss i det grøne skiftet. Noreg har kompetansen, men vi manglar å få sett fart og få desse selskapa opp på fly, slik at dei blir etablerte og trygge arbeidsplassar, seier ho.
«Berekraftsfatigue»
Aarø meiner at gründerselskapa som møter veggen ikkje nødvendigvis har gjort ting feil.
– Men dei bygger jo noko nytt, utanfor dei etablerte strukturane i verdikjeda.
Ifølge Aarø er det mange gode idear som ikkje kjem seg over kneika og ut i eksportmarknaden.
– Dei siste åra har det kanskje vore ein slags «berekraftsfatigue» knytta til rapportering og måling av berekraft og klimagassutslepp. Mange har stått på i mange år, men Noreg har framleis ikkje blitt ein grøn eksportnasjon.
Samstundes meiner Pando det no skjer ei tydeleg dreiing mot kommersialisering og eksport.
– Det har vore ei realitetsorientering, seier Aarø.
– Det må vere grønt og lønsamt
Vi spør Erdal om han er motlaus etter konkursen i Evyon?
– Eg trur ekstremt på det grøne uansett. Men det må vere både grønt og lønsamt.
Toppsjefen i Corvus seier berekraft framleis er ein viktig fordel i den internasjonale marknaden.
– Det er kombinasjonen av berekraft og forretningsplan som er viktig. Ein kan ikkje berre lene seg på det eine, seier Witte.
– Prøve og feile!
Hans råd til bedrifter i oppstartsfasen er å søke råd blant kundar og andre.
– Finn nokre samarbeidspartnarar til å teste ut ulike løysingar, få feedback og gjer justeringar. Prøve og feile. Ikkje tenke at alt må vere fiks ferdig før ein startar marknadsføringa.
– Men bør ein i starten tenke lokalt eller nasjonalt, eller skal ein tenke stort og internasjonalt?
– Det å tenke globalt, er ekstremt viktig. Tenke neste steg. Dersom du set som mål å leve av ein liten marknad, set du sjølv avgrensingar på bedrifta din.
Innovasjon Norge
At private investeringar i grøn næringsutvikling har dabba av, har også gjort at statleg støtte til nye, grøne selskap vart kraftig redusert i fjor.
Berekraftsdirektør Leif Inge Husabø i Innovasjon Norge er uroa for utviklinga.
– Ein del prosjekt blir ikkje realisert, fordi ein manglar kapital. Det er alvorleg for norsk næringsliv når vi skal omstille oss for miljøteknologi og berekraftige løysingar for eksport.
Husabø seier mangelen på risikokapital i Noreg er den største på fem år.
– Det har på kort sikt gitt eit tilbakeslag for ein del av desse prosjekta.
Han meiner likevel Noreg framleis er god på grøn teknologiutvikling.
– Men ein kunne blitt betre på å selje – vere ute i marknaden, bygge alliansar og tenke internasjonale partnarar og kundar. Det er for eksempel svenskane betre på enn oss, ifølge Husabø.
2024 var toppår for grøne norske investeringar
Vis meir
Sidan 2020 auka den private investeringsviljen fram til toppåret 2024. Det året gjekk over 30 prosent av pengane frå Innovasjon Noreg til miljøretta forretningsprosjekt, nesten 3,5 milliardar



Kommentarer